Totalentreprise for prosjektering og bygging av infrastruktur/tekniske anlegg for eit nytt ferie- og fritidsområde, 1. byggetrinn. Det aktuelle området for prosjektet ligg tett ved Hodlekve skisenter i Sogndalsdalen ? Sogndal kommune. Området er ein del av reguleringsplanen «Hodlekve ? Stedjekammen» vedteken i kommunestyret 25.10.2007. Det er nyleg utarbeidd og vedteke ein detaljreguleringsplan for det aktuelle området, med detaljering av felta H1, H2, H3 og H10 (no gitt nemninga FRF01 ? FRF12) , frå o_PP1 til og med o_PP2.
Entreprisen omfatter offentleg veg, offentleg parkeringsplass, fellesvegar, felles parkeringsplassar, skibru, Vatn- og avløpsanlegg (hovedanlegg og interne anlegg), samt kabelanlegg.
Entreprenør skal på bakgrunn av godkjent reguleringsplan, prosjektere og bygge Vegar/plassar og vatn- og avløpsanlegg, samt bygge/legge kabelanlegg. Entreprisen omfatter ca. 1250 m offentleg veg, offentleg parkeringsplass, fellesvegar på totalt ca. 900m, felles parkeringsplassar, 1 skibru, hovedanlegg og interne anlegg for vatn og avløp, samt kabelanlegg. For nærmare skildring, sjå konkurransegrunnlaget.
↧